Fylkesplanlegging er heimla i plan- og bygningslova og er eit verkemiddel for å utvikle
fylket. Kan m.a. innehalde retningslinjer for bruken av areal og naturressursar som
har vesentleg verknad ut over grensene for ein kommune eller som må sjåast i samanheng
med for fleire kommunar. Planane blir til i ein prosess leia av fylkeskommunen, og
Fylkestinget vedtek planane.